120 påmelde hittil – Ingen Konrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2011
Påmeldingane til Konradløpet sig inn ganske så jamt.
Det tyder at det kan bli stor deltaking 1.mai. Normalen er at det talet vi har
i morgon kveld (torsdag) brukar bli dobla. Hittil er ingen Konrad påmeld og heller ingen over 90 år – desse har som kjent gratis deltaking
Førebels er mannfolka i hårfint fleirtal av dei påmelde. Kanskje ikkje så rart med tanke på at ein av gåvepremiane er ein ”date”, inkludert middag, med ein 33-årig kvinneleg deltakar. Elles har Konradløpet hatt fleirtal av kvinnlege deltakarar dei fleste åra.
Minikonrad er ikkje inne i bilete så langt. Her skjer all påmelding (frå klokka 18.30)før start laurdag 30.april. Her håper arrangøren å passere 100 deltakarar
Veteranane sluttar godt opp om jubileumsløpet. Til no er fire personar over 80 år påmelde. Den tilkomne her etter sist rapport er Paul Hole. KM-vinnar på 1500 meter for junior i 1949, og KM-vinnar i skistafett (saman med Olav P. Hole, Ole L. Hole og Jon C. Brunstad) i 1952..
Elles kan vi nemne at alle bygdelag i Sykkylven no er representert på deltakarlista. Det vil seie Ramstaddalen, Hundeidvik, Ikornnes, sentumsområdet, Straumgjerde og sjølvsagt Velledalen.