”Dagens Konrad” – Skulelærar har utfordra elevane

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2011

Nils Terje Skylstad er ”Dagens Konrad”, og det er ikkje fordi han har vunne Konradløpet fleire gonger.



Nei, skulelærar Nils har utfordra elevane sine til duell under Konradløpet 1.mai. Modig gjort når ein er 53 år og utfordrargruppa er virile gutar i slutten av tenåra. Men Nils veit nok kva han gjer.



Så får vi sjå då 1.mai. Om læraren held stand, eller om Sykkylven vidaregåande skule har elevar som spring raskare 4,5 kilometer enn ein mann som fyller 54 år i september 2011. Faktum er nok at Nils vert glad om nokon slår han. M


ange er vi sikre på at det ikkje blir.