Sommarski for Svein Arne…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2011
Eller er det forresten Svein Arne Nakken…?
Nei, dette er nok ikkje Svein Arne Nakken, sjølv om mannen på biletet gav seg ut for å vere Svein Arne Nakken under Skjemtegaukane sitt humorshow onsdag i påskeveka.
Glien var overraskande bra på scena i Kulturhuset der Petter André Aursnes skrensa inn, og gjorde sitt beste for å etterlikne vår mann, Svein Arne Nakken, som i desse dagar er langt meir oppteken av lamming enn skigåing på barmark.