Namnet KONRAD i djup krise i Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2011
Det kan vi slå fast når det tiande Konradløpet står for døra. Ingen busett i Sykkylven med namnet Konrad har delteke.
No skal tiltak setjast inn. Frå 1.mai 2011 til 1. mai 2012 gir Velledalen IL 1000 kroner til dei tre fyrste familiane som gir sine guteborn KONRAD som fyrste namn. Ikkje mykje å kage etter, tenkjer du sikkert. Nei, 1000 er lite i dag. Men det er ikkje der fortenesta sit. Den kan fyrst hentast ut når ”guten” har delteke 60-70 gonger i Konradløpet. Som kjent har alle med KONRAD som føre-og mellomnamn gratis deltaking, og inflasjonen gjer at startkontingenten ikkje vert rimlegare med tida
Etter 65 års deltaking i Konradløpet snakkar vi om svimlande summar spart. Så godtfolk, neste gong presten spør, gir du dette svaret:
-Namnet er Konrad !
Vi har hatt deltakarar med Konrad som namn. Men dei har kome frå Ålesund, Tingvoll, Sunnylven og Fausadalen – vi ventar med lengsel på fyrstemann busett i Sykkylven på deltakarlista. Vi skal gjere stas på vedkomande den dagen han dukkar opp.