Sykkylvsrussen ”Dagens Konrad”
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2011
Bilete frå Konradløpet i 2009
Rykta seier at i år vert det russeknute for å gjennomføre Konradløpet.
År om anna har Konradløpet samla mang ein ungdom i russeklede. Men det har vore variabelt, alt ettersom kvar og når eventuelle russetreff vert arrangert. Er det treff på Lillehammer seier det seg sjølv at det kan vere problematisk å vere i Velledalen same helga.
Det som er sikkert er Konradløpet aldri har stått på russen si liste over sprell som gir knutar eller andre utmerkingar – før i år. Ei flott jubileumsgåve til løpet frå russen.
Vi takkar og bukkar, og ynskjer lukke til – uansett fart!