Kjell Magnar ”Dagens Konrad”

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2011

Vi har ikkje så fælt mange som har vore gjennom organdonasjon som stiller til start i Konradløpet. Men Kjell Magnar Berli gjer det.


I dag er Kjell Magnar friskare enn nokon sinne. I 2010 var han den største poengsamlaren på trimpostane mellom den yngre generasjonen. Og

   han hadde flest turar av samtlege til Vellesætra. Etter ein lang vinter brenn truleg Kjell Magnar etter å kome seg bort frå asfaltvegane. Fleire har nok sett han joggande oppover forbi Drotninghaug og Fjellsæterskiftet siste tida – eit kjekt syn. Guten er lett i kroppen og vil utan tvil kunne gjere det bra i motbakkeløp.


Kjell

 Magnar er heller fersk i Konradløpsamanheng. Men i år har han meldt seg på, og vi er sikre på han vil gjere det godt. Han må vel seiast å vere på heimebane i dette løpet. Det er vel berre Per og Bjørg i Øyane, og Bjørkehuset, som ligg nærare løypa enn heimen til Kjell Magnar.



Vi ynskjer Kjell Magnar lukke til 1.mai og reknar med heiagjengen er på plass når han passerer husnova heime om lag klokka 05.07.