Paul Hole heidra

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2011

Fjellsæterrunden har eksistert i over 30 år, men det er ikkje heilt enkelt å vite kor mange gonger dei ulike løparane har delteke.


Ved ein glipp hamna nemleg heile kartoteket på Grautneset etter ein ryddeaksjon i Ikornnes IL sitt klubbhus. Dette var eit kartotek med mange namn, naturleg nok for eit renn som har vore i drift sidan 1978. Særleg på 80-talet var deltakinga god, med opp til 500 i eitt enkelt renn, medrekna både konkurranse- og trimløparar.



Sykkylven IL, med Atle Moldestad i spissen, har gjort eit forsøk på å få statistikken på rett kjøl. I samband med avslutninga til SIL Barn i Løypa no nyleg, vart det delt ut heider for 20, 25 og 30 renn. Frå vårt lag vart desse heidra:


25 renn: Asbjørn Tandstad


20 renn: Paul Hole, Svein Arne Nakken og Atle Hole



Svært prisverdig at det vert rydda opp. Rettare sagt; prøvt rydda opp. Dette er eit vanskeleg arbeid, så komplisert at det ikkje let seg gjere å få alt heilt rett. Vi skal ikkje blande oss inn i dette arbeidet. Men eitt namn sakna vi på lista som nyleg stod i lokalavisa. Inger Riksheim stod der ikkje, noko ho heilt sikkert skulle ha gjort.



Vi nemner til slutt at Berth Wilhelmsen og Terje Grøtting fekk heider for 30 renn. Utanom Asbjørn Tandstad fekk Lars Petter Andestad, Jostein Løseth og Jan Egil Årnes heider for 25 renn.