Tommy gir svar i morgon

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2011

Vi snakkar om Tommy Lianes, 18-åring frå Stordal


-Kva er han kjend for, og kva skal han gi svar på i morgen, vert kanskje då dine neste spørsmål.



Tommy Lianes er den sunnmøringen som har hoppa lengst på ski. Faktisk er det ikkje mange i kongeriket som har hoppa lenger. I vinter landa stordalingen, som går skule på Lillehammer, på heile 217 meter i Vikersund – ståande.



Og svaret Tommy gir i morgon er om han kjem til Minikonrad som premieutdelar laurdag 30. april. Det hadde vel vore stas for alle løpsglade gutar og ikkje minst jenter – å få kike ein skikkeleg skiflygar i augene.



I morgon får du svaret – her på VIL-nett.