Velkomen til grasrotspelar nummer 75
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2011
10.april vart som eit lite jubileum. Då spela ein ny grasrotspelar seg inn i Velledalen IL sine rekkjer. Dermed har vi 75.
Det betyr at vi hittil denne perioden – som strekkjer seg frå 1.jaunar til 30 april – har auka frå 73 til 75 grasrotspelarar. Desse 75 er viktige støttespelarar i lagsdrifta. Som kjent dryp det fem prosent av tippeinnsatsen deira til VIL.
Kor mykje desse spelarane vinn eller taper på tippinga veit vi ingenting om, og vi veit heller ikkje kven dei er.