Dagens Konrad: Toppane tidleg påmelde

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2011

Det kriblar tydlegvis i beina på dei skarpaste løparane frå fjorårets Konradløp. Fleire av dei er alt påmelde.



Og det set vi pris på. Raskast ute var Per Inge Bjønestad, som i fjor var inne på topp-5 lista. Det same var Alf Petter Bøe, som kom inn som ny i VIL si friidrettsgruppe ved siste årsmøtet, og som representerer RindalsTroll som løpar. Han imponerte i fjor og kom på plassen føre Bjørnestad, og kraup under 16.00 i tid.



Dei to siste års vinnar, Knut Lium, har òg gjeve lyd frå seg. Han skal vitje kompisen i Gylet, Svein Arne Nakken, i påska, men held likevel ei opning for å vere tilbake 1.mai for å
   kjempe om sigeren. I tilfelle ein trippel frå Lium , som i 2010 vart innskriven som klubblaus austlending. Lium er identisk med mannen som har løyperekorden i Konradløpet (15.07)
   frå 2009. Den gongen representerte han Land FIK.