Dagens Konrad: Harald Relling frå Sula.
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Apr 2011
Han er fødd i 1927, og i dag melde han seg på til Konradløpet 1.mai.
Vi snakkar om Harald Relling frå Sula. Sprek kar som var mellom dei seks over 80 år som deltok i 2010. Då vart han nummer 86 av 299 deltakarar med tida 28.35. Sprekt av ein kar
på hans alder.
-
Det er vel i Konrad si ånd at vi skal delta vi som er litt opp i åra, seier Harald Relling, i samtalen der han stadfestar at han vil melde seg på.
-
Eg er fødd i 1927, fortel mannen som kanskje vert den eldste av dei startande.
Og vi er så definitivt samde med Harald. Dette er i Konrad si ånd – fullt og heilt!