Helge Per Hole til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2011
Han vart ikkje meir enn 52 år. Eit stort fylgje var i dag med til den siste kvilestaden etter ein verdig og vakker avskilsseremoni i Sykkylven kyrkje.
Som eit lite minne om Helge, vil VIL-nett presentere eit av idrettsminna som Velledalen IL har samla siste åra, og som kanskje ein gong vil kome i bokform. I eitt av desse er Helge omtala. Helge var ein kar som ikkje kvidde seg for dei gode gjerningane, anten det var til fordel for kameratane eller familien. Les historia!
Vi lyser fred over Helge sitt minne.
IDRETTSMINNE
Lang frukostveg
I 1983 fekk Velledalen IL eit lite problem i samband med Holmenkollstafetten. VRF skulle nemleg ha bortekamp mot Harøy dagen før stafetten, og nokre aktørar skulle helst vore på begge stadane. Det vart løyst på fylgjande måte:
Dei fire fotballspelande stafettløparane Svein Martin Lid, Tor Olav Tandstad, Pål Rune Fet og Atle Hole skulle ”ettersendast” med nattoget frå Åndalsnes ( dei øvrige stafettløparane reiste med buss fredagskvelden). Kampen på Harøya enda med ein knapp, men fortent, VRF-siger. Etter eit kort stopp og eit betre måltid hjå Bente Hole i Brattvåg, vart vi køyrde til bussen av Erik Huse. Toget var i rute, og vi var snare å finne køyeplassane våre. Her var det viktig å slappe av til stafetten dagen etter.
Men å sove på tog var ikkje like lett for alle. Særleg ikkje
etter ein fotballkamp med ”mauring” i kroppen. Om vi sov eller ikkje spelte for såvidt inga rolle, toget heldt ruta si med stø kurs sørover.
Hit, men ikkje lenger.
Samstundes med denne togreisa heldt fire andre velledalskarar rådsmøte på Hellesylt. Dei var der for å sjå etter ”bruder”. Ein naudsynt, men ingen enkel fritidssyssel. ”Jakta” såg ut til å bli resultatlaus – endå ein gong. Dessutan var dei matsugne, og det store spørsmålet var:
Skulle dei køyre til Oslo……
dei kunne rekke frukosten på SAS-hotellet om dei kom seg avgarde litt kjapt. Inge Hole var sjåfør til Hellesylt....., men til Oslo; nei, dit ville han ikkje!
Bror hans derimot, Helge, kunne tenkje seg å køyre, men hadde ikkje med seg førarkortet sitt. ”Problemet ” vart løyst med at Inge køyrde tilbake til Straumgjerde og henta Helge sitt førarkort. Så barst det i veg sørover.
Såg syner.
Trøytte, pjuskne og langt frå utkvilde steig stafettløparane av toget og ut i storbyens støy. Men brått, og på same tid, byrja alle fire gni seg i augene. Alle såg det same. Der i hovudstaden, klokka 06.30
ein sundagsmorgon, var dei fem fyrste menneska som vart observerte lokalkjende. Av arten hankjønn. Same kor mykje vi gnika, sat dei på netthinna. Vi såg definitivt ikkje syner. Det var Bjørn Asle Lade, Pål Rune Lødemel, Helge Hole, Torstein Ulset og Halvard Hjorthol som med bestemte steg
vandra i hovudstaden. Men kva i all verda hadde dei i Oslo å gjere på denne tida av døgnet….? Svaret var like enkelt som det var genialt:
-
Vi var på dans på Hellesylt. Og når der ikkje var meir å hente, bestemte vi oss for å køyre til Oslo for å ete frukost og frette korleis det hadde gått med VRF, gliste fem smørblide karar.
Uthaldande.
Møtet vart hjarteleg. Like etterpå var vi alle samla til frukost på SAS-hotellet, der dei øvrige stafettløparane overnatta. Og her fortel Pål Lødemel litt av det som vidare hende:
-
I starten var kelnarane høflege og handsama oss på beste måte. Vi åt stautt og vart sitjande både vel og lenge. Etter kvart vart vi merksame på at servicenivået sokk.
Kelnarane kika rett som det var, og vekselvis , på oss og klokka. Kroppsspråket deira sa heilt tydeleg at vår tid var forbi. Men vi heldt ut - minst to timar varte måltidet. Vi ville gjere det skikkeleg – tenk kor langt vi hadde reist!
-
Etter det kraftfulle og livgivande måltidet fekk vi eit nytt problem. Sjåfør Helge Hole ville ikkje heim att til Sykkylven. Mor hans, Helga, låg på sjukehus i Oslo. Forståeleg nok ville han sjå til henne når han var så nær. Helge vart verande att i Oslo.
Dermed måtte vi andre legge inn ei ”klinisk kunstpause” på nokre timar før vi kunne starte køyringa heim att. Det vart sein sundagskveld før vi nådde heimbygda.
Atle Hole