Fleire jubileum i løpet av året
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mar 2011
Det er ikkje berre Konradløpet som jubilerer i år. Når årets idrettsskulesesong er over, kan VIL sjå tilbake på 20 sesongar med idrettsskule.
Det starta opp i 1992. Den gongen administrert gjennom Sykkylven kommune. Men det varte berre i eitt år. Frå og med 1993-sesongen har Velledalen IL organisert dette tilbodet sjølve, med Bjørg Frøystad Hole som divande kraft i over halvparten av tida.
Korleis 20 års jubileumet skal markerast er i skrivande stund uvisst. På sist styremøte fekk den nye idrettsskuleleiaren, Julie Brochmann, hovudstyret si godkjenning til å markere hendinga i løpet av året. Så no er det berre å vente i spenning på kva som vil skje. Idrettsskulesesong nummer 20 er i alle fall snart historie.