Det Store Folkerennet 3.april
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mar 2011
Livet på matstasjonen er like viktig som farta i løypa, heiter det om dette rennet. I år er dessutan bygdameisterskapet i langrenn lagt inn i rennet, som i 2010 samla 247 deltakarar
I skrivande stund er det litt usikkert kvar løypene vil gå. Men målet er ei rundløype rundt Nysætervatnet for dei sprekaste, og ei rundløype rundt Sætrevatnet for dei yngste og for personar med høg alder.
Dei som deltek i bygdarennet på tid, har fellesstart klokka 11.00. Andre kan starte når dei vil i tidsrommet 11.00-12.30. Alle born vert premiert, det same vert alle i bygdameisterskapet. I tillegg deler vi ut eit par kostymepremiar og den årvisse ”Heldiggrispremien”. Ein pengepremie trekt mellom alle born som deltek.
Begge løypene har matstasjon. Tyngst servering i lang løype. All påmelding skjer ved start, på den vanlege startsletta der Fjellsæterrunden startar.
Meir opplysningar om rennet seinare.