Dagens birkebeinerprofil – startnummer 4324

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mar 2011

Han kjem frå Hundeidvik, har solide idrettsgener, og gjer sin femte start i rennet.



Vi snakkar om Ole Johnny Myrseth. Så langt har han to merke på fire startar. Sist vinter hadde han heilt sikkert ei god oppleving under Birken. Den gongen greidde han merkekravet med herleg knapp margin.



Ole Johnny har vore skiløpar i mange år. Han gjekk i ungdomsklassene for VIL saman med mellom andre Ole Petter Lødøen og Frank Hole. Kanskje er hudeidvikaren vel så kjend som fotballspelar, med kampar for lag som Hundeidvik, VRF, FK Sykkylven og Hovdebygda - for å nemne nokre. Typisk forsvarsspelar, som med hell kan nyttast både som stoppar og sideback.



Når han 19.mars stiller på startflata på Rena, har han startposisjon i pulje seks. Det betyr start klokka 08.30. Ole Johnny har ein startposisjon som gjer at han ikkje vil ha kontakt med andre VIL-løparar i løpet av rennet. Han vil ikkje nå att Svein og Kenneth, men vil heller ikkje få opp Rolf, Bastian eller Fredrik bakfrå. Under normale omstende. Truleg vil han krysse mållina på Lillehammer nokre minutt over klokka 12.00. Ei sluttid på 3.39.45 er VIL-nett sitt råtips for løparen som truleg har merke nummer tre som mål for løpet i sitt stille sinn.


God tur, Ole Johnny!