Allmannamøte om framtida i VRF

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mar 2011

Svært viktig møte på Tandstad skule fredag 11.mars klokka 17.30



Vi har før skrive på nettsida at det er vanskeleg i VRF for tida. Laget har problem med å stable eit nytt styre på beina. Såleis vert det nytt viktig møte den 16. mars – då ekstraordinært årsmøte med val som einaste sak.



VRF skriv:


” Det har vist seg vanskeleg å få folk til å stille opp på verv i VRF. Vi ønsker sterkt å få behalde laget, og treng din innsats. Vi oppmodar spesielt velledalingar til innsats med fordeling av oppgåvene i styret likt mellom krinsane”




Fotoet viser ei av dei betre VRF-utgåvene (frå omkring 1970).


Bak frå venstre: Bård Erstad, Eldar Tandstad, John Johansen, Svein Welle, Lars Kornberg, Johan S. Grebstad, Per Hole og Einar Fet.


Framme frå venstre: Sigbjørn Fet, Reidar Bremerthun, Bjarne Alnes, Erling Solsletten, Odd Kåre Fet og Johan Svindseth