Birkebeinerprofil nummer tre – startnummer 8722
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2011
Denne utøvaren er den eldste av VIL sine seks menn, med start i klasse 55-59 år.
Rolf Haxthow vart under Idrettsgallaen nyleg kåra til Velledalen IL sin mest allsidige utøvar i 2010. Ein fortent tittel. Rolf er nemleg åleine i laget om å ha gjennomført Birkebeinerrennet, løpet og rittet i same år. I fjor greidde han merkekravet i løpet, var temmeleg nær i rittet, men mangla ein del i rennet.
Og i dag er det nettopp det komande rennet
skal vi snakke om. I fjor smaug Rolf seg under den magiske fem timars grensa – under vanskelege forhold. Truleg gjer han det same i år, i det som vert hans fjerde start. Då byrjar ein bli passe rutinert og kjenner kvar utfordringane i løypa ligg. Rolf går ut akkurat halvtimen før Bastian, og 35 minutt før Fredrik. Nærare bestemt klokka 09.10 frå startpulje 13. Vi trur ikkje ungdomen vil oppnå kontakt.
Når ein idrettsutøvar har nådd siste halvdelen av 50-åra, kan ein som regel ikkje kalkulere med sportsleg framgang. Då er normalen det motsette. Vi sit likevel med ei kjensle av at Rolf vil gå raskare enn i fjor, mest fordi vi trur det vert lettare å treffe med smurningen.
Då står det at å ynskje startnummer 8722 ein framifrå tur gjennom løypa, og VIL-nett sitt råtips for Rolf sin målgang lyder på 4.48.48