Dagens birkebeinerprofil – startnummer 12613
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2011
Denne løparen gjorde unna debuten i 2010, med ei sluttid på 6.15.59
Fjorårets renn var ikkje enkelt å debutere i. Når ein ringrev som Svein Arne Nakken i sitt 18. renn måtte smørje om to gonger, seier det seg sjølv at mange debutantar sleit. Difor er det venta at Bastian Skogvold senkar tida si vesentleg i 2011, mellom anna fordi Birken sjeldan slår inn med to smørjemessige vanskelege år på rappen. Difor kjenner vi oss sikre på at Bastian får sjå 5-talet som fyrste siffer i sluttida denne gongen.
Eit anna momnet som talar for framgang, er at Bastain har gått seg fram til pulje 18 som startposisjon. Det betyr start klokka 09.40, og han vil få litt betre løyper heile vegen enn sist. I det lange løp kan det utgjere mange minutt. Dessutan er det ein enorm fordel at han har vore gjennom løypa tidlegare. Slik sett veit han kva som ventar rundt neste sving og det vert lettare å medisinere kroppen rett.
Eit tredje moment som borgar for framgang er kompisen Fredrik. Når Bastian ruser motoren og fyk ut frå startsletta på Rena, veit han at kompisen Fredrik gjer nøyaktig det same fem minutt etterpå. I eit slikt renn er fem minutt lite. Om startnummer 13225 (Fredrik) tek att startnummer 12613 (Bastian), vil det vere eit aldri så lite prestisjenederlag for dagens birkebeinerprofil. Og det verste av alt; med mykje folk i løypa og når kroppen mot slutten vert tom og sløva, kan dette skje utan han legg merke til det. Så ver på allerten Bastian, Fredrik kan snike seg forbi utan du ser det ! Og tenk for ein nedtur. Du er sikker på han er bak deg, men så står han og venter på deg når du glir over mål – nei, det må ikkje skje!
Vi ynskjer Bastian Skogvold alt vel i hans andre start i det 54 kilometer lange rennet. Vårt tips er at han kryssar mållina på Lillehammer på tida 5.17.36 – ein framgang det står respekt av.