Svein med ny klubbrekord i Vasaloppet

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2011

Arkivfoto.

Vi kan i dag gratulere Svein Arne Nakken. Med tida 5.02.06 sette han ny klubbrekord for Velledalen IL i Vasaloppet.


Vasaloppet er 90 kilometer langt. Start i Sälen og målgang i Mora. Tida 5.02.06 er
   seks minutt og 36 sekund betre enn Stian Mork sin klubbrekord frå 2009. Dei tre beste VIL-tidene i Vasaloppet ser no slik ut:


5.02.06 Svein Arne Nakken 2011


5.08.42 Stian Mork 2009


5.08. 50 Svein Arne Nakken 2010.



Sjølv om Svein sette rekord tidsmessig i dag, vart det ikkje ny rekord plasseringsmessig. Her er nemleg dei tre beste prestasjonane som fylgjer:


Nr. 656 Svein Arne Nakken i 2010


Nr. 657 Stian Mork i 2009


Nr. 720 Svein Arne Nakken I 2011



Vi nemner at Knut Anders Hatlen vart nummer 81 i dagens renn med tida 4.16.41. Rennvinnar vart svensken Jørgen Brink med tida 3.51.51.