Naudrop frå idrettsskulen

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2011

For kring eitt år sidan fekk idrettsskulen flunkande nye vestar med refleks, til bruk mellom anna ved skiaktivitetar på fjellet. No er halvparten borte.



Naudropet kjem frå Øyvind Hunnes, styremedlem i Velledalen IL sin idrettsskule. Han trur det ligg mange slike vestar rundt om i heimane. Meininga var at dette var vestar som skulle leverast inn att, ikkje noko den enkelte fekk.



No oppmodar Hunnes om at det vert gjennomført ei etterrøkjing i heimane. Og at dei som finn vestar merka Velledalen IL, idrettsskule, gjer vel og leverer vestane til representantar for det nye idrettskulestyret, eksempelvis Tor Olav Tandstad, Harald Bakken, Julie Brochmann eller Øyvind Hunnes