God grasrotmånad i februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2011
Det er ikkje utbetaling kvar månad, men februar gav 2039 kroner i kassa til VIL-kasserer Asgeir Rausand.
Eit svært godt resultat i ein månad med berre 28 dagar, med to eller tre dagar meir ville den gått heilt til topps.
Elles er det stabilitet som pregar tippinga til VIL sine støttespelarar.
Her er tala for dei siste seks månadane:
1848 kroner i september 2010
1869 kroner i oktober 2010
2074 kroner i november 2010
1993 kroner i desember 2010
1836 kroner i januar 2011
2039 kroner i februar 2011
Takk til alle for støtta !