Stabilt mellom laga i Velledalen og Straumgjerde
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2011
Laga i Velledalen og Straumgjerde har hatt liten tilgang på nye grasrotspelarar siste månaden. Her er tala:
74 spelarar: Velledalen IL (+1)
40 spelarar: VRF (0)
37 spelarar: Straumshorn juniorkorps (+1)
18 spelarar: Velledalen skulekorps (0)
10 spelarar: Velledalskoret (0)
Med andre ord berre to spelarar i tilgang. Men mest gledeleg; ingen har hatt tilbakegang. Samla har 179 tipparar gitt støtte til dei fem laga. Målet må vere 200 før året er omme.