Ingen 800 meter for Hilde

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2011

Laurdag annonserte vi eit komande gull til Hilde Riksheim Tandstad dagen etter, men der tok vi feil.



Men ho vart ikkje slegen på bana. Derimot vart det i meste laget med tre øvingar på laurdag, slik at ho kjende i fjorårets belastningsskade. Difor stod ho over 800 meteren på sundag. Truleg ei klok avgjerd.



Når vi var så sikre på gull hadde det sin grunn. Ho var nemleg den einaste påmelde i klasse J18-19

  Slik kan det gå. Og vi fekk nok ei påminning om at skinnet ikkje kan seljast før bjørnen er skoten.