Idrettsskulen
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2011
Førstkommende onsdag 9. februar vert siste gongen med idrettsleik og skyting. Vi håper at borna har hatt det moro med desse aktivitetane.
Når det gjeld skytinga, så vil det verte høve for foreldra å vere med denne gongen. Det vert lagt opp til at ein kan følge med på skjerm ute på venterommet.
Ein vil då kunne sjå korleis ungane skyt. Møt opp til dei oppsette tidene.
Vi tek sikte på å begynne med ski på fjellet tirsdag 15. februar. Det er ikkje heilt klart med instruktørane enno.
Meir info vil kome så snart som råd.
Mvh
For idrettsskulen
Tor-Olav Tandstad