Rekorden vart på 2251

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2011

VIL-nett hadde i januar sin beste månad nokon sinne.



Vi har tidlegare meldt at det kom til å bli rekord, og den vart klar. Den tidlegare bestenoteringa skreiv seg frå november 2010 med 1962 treff. I januar 2011 noterte vi 2251 treff, 15 prosent betre enn tidlegare bestenotering.



Ser vi på tidlegare bestenotering
   berre for januar månad, så skreiv den seg frå januar 2010 med 1237 treff. Med 2251 treff dette året vart januarframgangen på heile 80 prosent.



Stoda i januar frå starten:


Jaunar 2008:
   224


Januar 2009: 1108


Januar 2010: 1237


Januar 2011: 2251