Rekordmånad for VIL-nett
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2011
Nettsida til VIL slår alle tidlegare rekordar i januar 2011. Både januarrekorden og månadsrekorden fell med god margin.
Bestenoteringa på månadsbasis var tidlegare 1962 treff. Dette talet er passert i dag. Dermed vert det ein solid ny rekord før månaden er omme.
Ser vi berre på tidlegare januartal er statistikken slik:
Januar 2008 –
224 treff
Januar 2009 – 1108 treff
Januar 2010 - 1237 treff
Januar 2011 – passerer truleg 2000 treff i kveld.
Vi kjem tilbake med dei eksakte rekordtala når månaden er omme.