Kenneth nummer seks i sprint-KM
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jan 2011
Kenneth Fet gjekk seg fram to plassar då sprint-KM i fristil vart arrangert av Søya IL. Sondre Brunstad Fet vann G 14.
Absolutt godkjent av Kenneth. Han greidde plass i A-finalen, og gjekk seg fram to plassar i høve til klassisk-KM dagen før. Dei to beste i klasse 19-20 år var av 1991-årgang. Kenneth vart fjerde best av 1992-årgangen.
Resultat frå sprinten i klasse G 19-20 år:
Johan Bugge, Eidsvåg IL
Lars Anders Hoel, Valldal IL
Geir Marius Øie, Stordal IL
Olav Erling Aaland, Sunnylven IL
Morten Nerem, Emblem IL
Kenneth Fet, Velledalen IL
Dette var dei seks løparane som utgjorde A-finalen i klassa, og det er verdt å merke seg at alle utanom vinnaren er sunnmøringar.
Sondre Brunstad Fet vann i klassisk laurdag, og vann nok eit KM i fristil-sprinten sundag.
Sondre, som går i klasse G 14 og representerer Sykkylven IL, har tydelegvis toppforma inne.
VIL-nett gratulerer med dobbel KM-triumf!