Resultat klassisk-KM laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jan 2011
Bilete er frå vestlandsk mesterskap i fjor.
Kenneth Fet vart nummer 8 i klasse eldre junior då Grøa IL arrangerte klassisk-KM i regn og med klisterføre på Nordmøre laurdag.
Kenneth Fet fekk tida 26.06 i den ti kilometer lange klassiskløypa. Vinnar i klasse 19-20 år, Johan Bugge frå Eidsvåg, hadde 23.50. Bugge, som er sisteårs junior, slo også samtlege seniorar i rennet. Kenneth som sesongdebuterte i går, gjorde ikkje noko dårleg renn. Av løparane fødde i 1992 vart han fire. Dei andre som slo han var året eldre.
Men Fet, Brunstad og Sykkylven IL fekk likevel ein krinsmeister på Grøa. Sondre Brunstad Fet, son til nygifte Steinar Fet og Bente Brunstad, drog til med eit kvalitetsrenn av beste merke. Sondre fekk tida 9.16. Guten på plassen bak, Eskil Herje Sogge, fekk 9.46. Sigersmargin på 30 sekund på tre kilometer talar for seg sjølv.
VIL-nett gratulerer Sondre med triumfen, og nemner at Kenneth også vart KM-vinnar i G 14 i klassisk stil for nokre år sidan. I same slengen sender vi helsing til bestefedrene, Nybø-Kaspar og Bø-Sigbjørn, ettersom vi reknar med dei har ei konsulentrolle her. I alle fall Kaspar sitt motto er vidgjete: ”Her er det berre å opne for fullt og øke etter kvart”