Kjell Magnar ”Årets Ungdomsmosjonist”
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2011
Dei ivrigaste turgåarane er godt modne menneske. 10 av 13 trimpostvinnarar i 2010 var over 50 år.
Av dei tre under 50 år finn vi berre èin i 20-åra, nemleg Kjell Magnar Berli. Han er til og med tidleg i 20-åra. Difor var det ikkje meir enn rett og rimeleg at det vart pris på Kjell Magnar for 170 turar til Vellesætra siste året.
Kjell Magnar er lett og fin i kroppen. Så lett at han burde prøve seg i motbakkeløp komande sommar. Kanskje Mefjellet Opp med start i Fjørå, hadde vore ein høveleg stad å debutere. Det er nemleg ikkje av dei brattaste og heller ikkje av dei med lengst løpstid.