Ullmax-Elisabeth heidra
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2011
Elisabeth Urke var èi av dei som fekk heider under ”Idrettsgallaen” sist sundag. Det gjorde ho på grunn av stor innsats som seljar av Ullmax-produkt siste året.
Elisabeth vart kåra til ”Årets Seljar”. Svært så fortent, ettersom det stort sett er ho åleine som har styrt med dette. Og lite arbeid er det ikkje. Det kjem stadig nye produkt. Og salet aukar, mykje takka vere Elisabeth. Eit klart talent også innanfor sal. Vidare må ho ha kjennskap til storleikar, vurdere kjøparen sin storleik i netto positur om det gjeld undertøy, og gi råd og vink. Tinge varer på nett og ta mot reklamasjonar høyrer også med.
VIL-nett gratulerer med svært så fortent pris!