Føregangsmann sette spor i Tjekkia
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2011
Bilete av Terje etter eit tidlagre Vasalopp løp.
Terje Aurdal var fyrste VIL-utøvar som gjekk Vasaloppet og forsyne meg vart han ikkje den fyrste frå laget som sette skispor etter seg i renn i Tjekkia.
Det gjorde han sist helg i noko som heiter Jizerská 50. I det ligg det at rennet er 50 kilometer, og vi snakkar ikkje om noko smårenn. Det tel med i langdistanseverdscupen og hadde fleire tusen deltakarar. Anders Aukland vart for øvrig rennvinnar med 2.05.40
Terje Aurdal reiste saman med eit fylgje på ti utøvarar og eit støtteapparat på fire - alle masørar. Samtlege frå det ein kan kalle indre fjordstrók, nemleg bygdene Sykkylven (med litt godvilje), Stranda, Valldal og Geiranger. To av løparane fekk ikkje fram bagsjen i rett tid og hadde av den grunn problem med å få vist seg frå si beste side.
Rennet gjekk i klassisk stil og med klisterføre. Best av dei lokale vart Ingvald Knivsflå frå Geiranger med tida 3.00.30. Det heldt til 240. plass. Vår mann vart nummer 484 med tida 3.14.43. Med den tida var han nest best i det lokale reisefylgje. Vidare nemner vi at
Terje Rusten vart nummer 590 med 3.20.28 og Geir Verpeide nummer 713 med 3.26.27.
Sykkylvsrådmannen, Ole Johan Lillestøl, fekk ei fin fjør i hatten med 844. plass med tida 3.32.25. Ingen sykkylvspolitikar er funne på resultatlista så langt.
Sidan vi er innne på føregangsmannen Terje Aurdal. I desse dagar er det 25 år sidan han vart KM-vinnar for VIL i 15 kilometer klassisk langrenn.
VIL-nett grtaulerer!