”Årets skrell” – ein av mange gallaprisar.
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2011
Komitéen som skulle plukke ut prisvinnarane til VIL sin Idrettsgalla sundag 16. januar er ferdige med arbeidet. Mange vil bli heidra.
Alle trimpostvinnarane vil bli heidra. Det utgjer 14 personar. I tillegg har vi tidlegare meldt at desse tre prisane vil bli delt ut:
Årets Utøvar 2010 til Jan Oddvar Ringseth
Folket sin idrettspris 2010 til Svein Arne Nakken
Samanlagtvinnar trimpostar til Inger Riksheim.
Men det stoppar ikkje her. Dei tre i komitéen har kome til at fylgjande prisar skal delast ut under Idrettsgallaen:
Årets Tilretteleggjar:
Årets Brubyggjar:
Årets Prestasjon:
Årets Seljar:
Årets Poengsankar:
Årets Nykomar:
Årets Ungdomsmosjonist:
Årets Par:
Årets mest Allsidige:
Årets Skrell:
Elles får vi Idrettsåret 2010 i bilete. Det vert kaffi, brus og kake. Alle medlemar er hjartleg velkomne til kjellarsalen i Velledalen grendahus 16.januar klokka 18.30.