Årskavalkade Juli 2010
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2011
5.juli:
Per Steinar Linga vann seg sykkel under Trollstigrittet. Ikkje nokon simpel sykkel heller. Verdi på 29 000 kroner og trekt mellom alle deltakarane. Heilt sikker kjekk å ha – ikkje minst når han må rykkje ut til lammefødslar på nattetid – vart det meldt på VIL-nett.
7.juli:
Anette og Pål Rune Fet hadde vore på rydding i Ladalen etter oppmoding frå skisenteret sine folk.
-
Her låg utruleg mykje som ikkje burde vore her. Det positive er at ingenting av det funne er restar etter Velledalen IL. Slik kan vi ikkje ha det, men neste år er det ikkje sikkert Velledalen IL ryddar etter miljøsvina, seier to blad Fet og viser fram noko av fangsten.
10.juli:
Konrad Extrem vart arrangert for andre gong, men i ny løype. Knut Anders Hatlen, som kom direkte frå andreplass i Hellesyltløpet, vann på sterke 35.49. Stig Helset vart nummer to med 38.43.
-13 løparar i konkurranseklassa er til å leve med, men 12 i mosjonsklassa er skammeleg lite. Prosjektgruppa bak arrangementet, som tilrådde samkøyring med grillkvelden, har nok alt endra meining, skreiv VIL-nett i etterkant.
-Men løypa meiner eg vi no har klar. Vi fekk positive tilbakemeldingar på den, sa Geir Helge Grebstad i prosjektgruppa.
11.juli:
Velledalen IL sine normalt sterkaste motbakkeløparar var fråverande under Konrad Extrem av ulike grunnar. Veteranane Rolf Haxthow og Asbjørn Tandstad sikra arrangørklubben to klassesigrar.
12.juli:
Alf Petter Bø vart nummer åtte i 6,6 km lange Hellesyltløpet med tida 24.21. I same klasse sprang unge, lovande Robin Jørgensen på 27.13, ei tid som heldt til 19.plass. Arnt Åge Jørgensen sprang kort løype på 5.53, noko som heldt til sterk 3.plass.
14.juli:
Stian Mork vart nummer 17 i klasse 23-34 år i Storehesten Opp i Sunnfjord. Stian fekk sluttida 1.46.52, i eit løp som vart arrangert av Gaular IL og som talde med i Norgescupen i motbakkeløp.
19.juli:
Sterk klassesiger til Nils terje Skylstad i Nesaksla Rett Opp i Rauma kommune. Løpet er av dei brattaste med ei stigning på 688 høgdemeter på kring to kilometer. Nils Brukte 31.25 som vinnar i klasse 50-59 år. Totalvinnar vart John Sompol frå Kenya med 21.27. Sasme dag melde vi at Torleiv Hole – som for 60 år sidan var VIL sin dominerande friidrettsutøvar saman med Paul Hole – passerte 80 år.
31.juli:
Hilde Riksheim Tandstad tok ein sterk fjerdeplass mellom dei kvinnelege deltakarane i Jordbærdilten i Valldal. Mathea Gjeitnes frå MOI vart vinnar med tida 12.43. Hilde persa med 13.25. Hans Martin Gjedrem vann herreklassa.