Mest pengar til SIL- tyngste tipparane i rideklubben

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2011


Sykkylven idrottslag fekk mest pengar av laga i Sykkylven gjennom grasrotordninga i 2010, med ei totalutbetaling på 89080 kroner. Men det er Sykkylven rideklubb sine støttespelarar som tippar mest.



Her er oversikta over dei største utbetalingane i Sykkylven kommune.


89080 kroner – Sykkylven idrottslag – vaks frå 210 til 235 spelarar i løpet av 2010


74068 kroner – FK Sykkylven – frå 124 til 146 spelarar


40633 kroner – Sykkylven Røde Kors – frå 91 til 112 spelarar


33803 kroner – Sykkylven motocrossklubb – frå 69 til 89 spelarar


28523 kroner – Sykkylven rideklubb – frå 28 til 34 spelarar


27764 kroner – Ikornnes juniorkorps – 46 spelarar ved starten og slutten av 2010


23759 kroner – Velledalen IL – frå 55 til 73 spelarar


23069 kroner – Ikornnes IL – frå 73 til 91 spelarar


21614 kroner – Hundeidvik IL – frå 63 til 73 spelarar


16864 kroner – Aure skulekorps – frå 46 til 52 spelarar i løpet av 2010



Reknar ein dette om til satsing pr. spelar i dei ulike laga, vil ein finne at det er Sykkylven rideklubb sine grasrotsympatisørar som tippar mest. Dei er under halvparten av VIL sine i antal. Gjennomsnittsspelaren i Sykkylven rideklubb genererer over 900 kroner i grasrotmidlar til laget sitt
   i løpet av 2010. Nærast ligg Ikornnes juniorkorps med i overkant av 600 kroner, føre FKS med kring 550. I VIL gir snitt-tipparen knappe 400 kroner, medan talet for Velledalen skulekorps eksempelvis ligg litt i overkant av 100 kroner.



Velledalen IL sine grasrottipparar har samla tippa for nokså nøyaktig 475 000 kroner i 2010