IDRETTSSKULE VINTER 2011
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2011
No er det tid for å starte opp att med idrettsskule etter juleferien.
Vi startar onsdag 05.01.2011, med skyting for dei som går i 4.-7 klasse, og idrettsleik for dei yngste.
Begge deler vil foregå på Grendahuset, klokka 17.30.
Dei yngste møter i gymsalen ferdig ombytt med innesko. Det er Hilde Riksheim Tandstad som er instruktør. Ho tek sikte på å halde på i ca 1 ½ time kvar gong.
Dei eldste møter i kjøkkensalen første kvelden. Det vil her verte ei generell innføring i skyting først, og deretter vil alle få prøve nokre skot.
Kveldane deretter møter vi nede på skytebana i kjellaren. Vi skal sette opp ei liste med fem og fem i kvar pulje. Desse vil få ca 30 skot kvar kveld. Varigheit ca ½ time.
Evt spørsmål kan rettast til Tor-Olav Tandstad på tlf 926 33 395 eller mail torolav@live.com
På vegne av Idrettsskule styret
Tor-Olav Tandstad