Grasrotspelarar – VRF og VIL vinnarar i 2010
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2011
Her kjem ei oversikt over grasrotspelarar i laga i Velledalen og Straumgjerde, og utviklinga i løpet av året 2010.
10 spelarar – Velledalskoret – fram to i løpet av 2010
18 spelarar- Velledalen skulekorps – tilbake èin siste år.
36 spelarar – Straumshorn juniorkorps – fram fire siste år.
40 spelarar – VRF – fram 14 siste år.
73 spelarar – Velledalen IL – fram 18 siste år.
Totalt hadde laga i Velledalen/Straumgjerde 177 spelarar ved siste årskifte, mot 140 året før.
Utanom dette kjem mange organisasjonar som rekrutterer folk frå heile bygda, og som heilt sikkert har mange grasrotstøttespelarar i nedslagsfeltet. Velledalskoret er for så vidt eit slikt, men vi tek dei med i vår oversikt sidan opphavet fann stad i Velledalen.
I morgon kjem oversikt over kroner siste år.