Brunstadekspressen rask også i kulde
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Des 2010
Bilete er frå Konradløpet
Menn frå Brunstad har vist før at dei trivst under maratonløp i Ålesund.
Det var nemleg i Ålesund Konrad Brunstad pla gjere sine løp i maraton, eller aller helst halvmaraton. Men det byrjar bli nokre år sidan. Og den gongen var det heller ikkje vintermaraton som vart arrangert.
No er det ein annan brunstadmann som stel merksemda i Ålesund Maraton. I går vart løpet arrangert i kulde på snødekte vegar med start frå Moa. Sverre Gunnar Brunstad brukte sterke 1.19.25 på halvmaratondistansen. Med det var han drygt tre minutt før nestemann på distansen. Om nokon er i tvil; halvmaraton er like i overkant av 21 000 meter.
-
Det var overraskande bra underlag. Faktisk var det godt feste dei fleste plassar, sa Bø-Sverre Gunnar til Sunnmørsposten etter triumfen.
Og dermed er all tvil feia til side:
Snø, frost, is og kulde bit ikkje på Brunstadekspressen. Den går godt under alle forhold.