Kald og frisk Romjulsmarsj.
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2010
Knappe 100 personar registrerte seg då trimgruppa i Velledalen IL arrangerte sin 32 Romjulsmarsj i dag.
Ikkje uventa vart deltakartalet mellom det lavaste som har vore desse 32 åra. Svikten var størst i deltakarar frå Straumgjerde, naturleg nok sidan der var kaldast. Når termometeret viser mellom 15-20 minusgrader er det ikkje alle som kjenner trong til å stige ut i kulden. Men i alle fall honnør til Bo Grebstad, som var tru mot eigen tradisjon og gjekk frå Straumgjerde.
Elles var det vanleg opplegg med god kaffi og
velsmakande mat. Trimgruppa hadde i tråd med tradisjonen trekt ut nokre premiar på trimbøkene, og fleire ”utprega” julegjester i dalen var på plass til sosialt drøs. Vi nemner òg at minst to over åtti år deltok, nemleg Hole-duoen Kjellaug Ulset og Paul Hole. Sprekt gjort !