Jan Oddvar ”Årets Utøvar” 2010.
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2010
For fyrste gong vart ein skihoppar ”Årets Utøvar” i Velledalen IL. Sterkt, med tanke på at hoppmiljøet i laget er minimalistisk.
-
Når jeg blir 66, først da tar livet til.
-
Når jeg blir 66, da gjør jeg som jeg vil.
Slik heiter det i ein song. Og Jan Oddvar Ringseth er nettopp 66 år, fødd 13 april 1944. Han voks opp på Ørskog. Der kom han med i hoppmiljøet tidleg.
-
Stort sett alle hoppa på ski den gongen. I barneåra deltok eg i lokale renn. Bakkane var stort sett små. Ein 40 meters bakke vart den gongen rekna som kjempestor, fortel Jan.
Han kom til Sykkylven 2.januar i 1968. Jobb fekk han hos Øystein Uri, som rørleggjar. Seinare starta han eige firma. No har han gått over i pensjonistane sine rekkjer.
- Dette var tre år etter siste store rennet i Brunstadbakken og hoppsporten i bygda stod på ”fallande føter”. Skitrekkgenerasjonen var derimot på frammarsj. Fyrste hoppinga for min del fann stad på Vik. Der vart det laga ein bakke i nærleiken av skitrekket, og comeback av Jan Ståle Aurdal og Arnt Kato Eidem skapte eit lite miljø, hugsar Jan.
Men på Vik var det ikkje spesielt snøsikkert, og neste stopp vart Hevsdalen. Her var det bra aktivitet og fleire rennarrangement i ein periode på 5-6 år, før det heile dauda vekk. Ein av primus motorane på Stranda flytta til utlandet.
-
Neste stopp vart Søvikdalen. Her fekk vi skapt eit bra miljø. På det beste arrangerte vi barnerenn for 40-50 deltakarar. På denne tida sende SIL ofte 5-6 løparar til lokale renn. Så kom fleire snølause vintrar. Dermed dabba interessa raskt, og det gjekk ikkje lenge før det berre var Jan Ståle, Arnt Kato og meg igjen, seier Jan.
Siste stopp i karriera til Jan Ringseth fram til dags dato, er Fjellbakken på Stavsengfjellet. Sindre Helland i Stordal IL masa stadig på dei tre sykkylvshopparane at dei måtte kome dit inn. Og dei var ikkje overlag tunge å be. No har Jan Ståle ”hoppa av”, men dei to andre kosar seg med hoppsporten.
Men Jan Ringseth har også hoppa av. For ein del år sidan melde han overgang frå SIL til VIL, i lag med fleire andre. Det gjorde han i rein sympati med friidretten sine folk i SIL, som vart heilt skvisa ut i samband med legginga av kunstgras på Sykkylven stadion. Slik vart han Velledalen IL sin einaste hoppar i moderne tid, og ja, det byrjar bli nokre år sidan Ståle Peter Ødegård hadde mot til å drage startnummeret over brystet og bikke seg utfor kanten.
Jan Ringseth har delteke i veteran-VM i hopp i overkant av 15 år. Sist vinter vart det sølvmedalje i Slovenia i klasse 65-69 år. Det vart også sølv i veteran- NM i same klasse i Vikersund. Og han vann same klasse under Stordalsrennet.
Desse prestasjonane gjorde han til ”Årets Utøvar” 2010. Etter nyttår kjem eit nytt VM. I år i Harracow i Tjekkia, der han har noko å forsvare.
Jan Ringseth vil få det synlege provet på at VIL har sett pris på prestasjonane hans under idrettsgallaen i Velledalen grendahus sundag 16. januar.
PS. Hugs avstemminga i samband med ”Folket sin idrettspris”. Du finn liste over kandidatar på nettsida, og du kan stemme heilt fram til 31 desember.
Jan sin treningskompis i Liabygda IL, 13 åringen Rishi , i svevet