Kaiser Chiefs vann juleturnering i Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2010
Barcelona hadde tunge bein etter ein lang flytur og sleit med å hevde seg i ungdomsturneringa i Velledalen grendahus i går. Kaiser Chief slo Nottingham Forest i finalen
Seks lag deltok i turneringa. Tre i kvar gruppe, der laga spela mot kvarandre tre gonger i gruppespelet. Altså seks kampar på kvart lag. Nottingham Forest og Werder Bremen vart gruppevinnarar.
Nottingham F. vann oppskriftsmessig sin semifinale 3-2 over Getafe, medan Werder Bremen rauk 0-1 mot Kaiser Chief.
I sluttspelet berga Barcelona eit snev av ære ved å knipe femteplassen etter 3-1 siger mot Roma. Werder Bremen vart nummer tre etter 3-2 triumf mot Getafe i bronsefinalen. I finalen fekk utgangsfavoritten Nottingham F seg ein skikkeleg nasestyvar i starten. Bendik Hole Alnes og Robin Urke Brunstad sytte tidleg for tomålsleing Kaiser C. Sjølv om Bengt Hole Alnes reduserte for engelskmennene, kom dei aldri nærare enn 1-2.
Alt i alt ei vellukka turnering med 24 spelarar. Kampane gjekk utan dommar, men med god sjølvdisiplin.
Toppscorarlista:
14 mål Bengt Hole Alnes, Nottingham F
6 mål Rune Hole, Barcelona
5 mål Robin Urke Brunstad, Kaiser Chief
5 mål Ellen Marie Hole, Werder Bremen
4 mål Ove Magnus Moen Ødegård, Werder Bremen
3 mål Liv Elise Folden, Getafe
3 mål Thomas Jarle Grimstad, Roma
3 mål Bendik Hole Alnes, Kaiser Chief
3 mål Henning Knotten, Werder Bremen
3 mål Kevin Larsen, Nottingham F.