Julekort til medlemane
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Des 2010
I desse dagar er du kanskje mellom dei heldige som får julekort frå Velledalen IL.
Og det vil alltid vere slik at folk stussar på fylgjande; kvifor fekk ikkje eg når han/ho fekk. Samanhengen er relativt enkel. Er du mellom dei som ikkje har fått, betyr det at medlemspengane for 2010 ikkje er betalt
Til orientering, så finst det tre variantar:
Vinterbiletet frå toppen av Holetindane – fotograf Nils Terje Skylstad
Frå starten av årets Konradløp i snøvêr – fotograf Liv Nordli Hole
VIL sitt tremannslag frå Fjellsæterrunden – fotograf Atle Hole