Smånytt frå VIL like før jul

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Des 2010

Vi håper lag i nedslagsfeltet fekk inn søknaden i tide. Fristen for å søkje pengar frå Ekones-Støtteordning 2010 er no ute.



Fristen gjekk ut 15. desember, og vi reknar med dei fleste lag har gjort som Velledalen IL og sendt inn søknad.



Statistikken frå Norsk Tipping viser at vi siste døgnet har fått ein ny grasrottippar på laget. Dermed går vi inn i juleveka med 72 personar i troppen. Velkomen, og t-skjorte ligg klar om du gir deg til kjenne.



Juryen som skulle plukke ut ”Årets Utøvar 2010”, er no ferdige med jobben. Resultatet vert presentert på sjølvaste julaftan. Bård Erstad, Einar Fet og Atle Hole i juryen seier at valet kan diskuterast, men dei er sikre på at det vart ein verdig vinnar.




Men ”Folket sin idrettspris” er langt frå avgjort. Her skal nettopp DU avgjere kven som får prisen. Liste over kandidatar ligg på nettsida, så gi ditt bidrag, du kan stemme både ved tekstmelding og e-post.

  Vi røper at Inger Riksheim førebels ligg i tet, hårfint føre Jan Ringseth, Hilde Tandstad, Kenneth Fet, Nancy Eggen med fleire. Her er det enno så jamnt at berre eit par stemmer kan endre på stillinga.