Årskavalkade mai 2010
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2010
2. mai:
Nettsida hadde oppsummering av året Konradløp. 96 løparar i Minikonrad, dei fleste utan tidtaking. Robin Jørgensen raskast av deltakarane med tidtaking, med tida 3.59. Knut
Lium vann hovudløpet med tida 15.38. Hilde Riksheim Tandstad tangerte kvinnerekorden med 18.46. Dei to løpa samla totalt 395 deltakarar. Hovudløpet gjekk for fyrste gong i snøvêr, det deltok seks løparar over 80 år og for fyrste gong samla Konradløpet fleire menn enn kvinner.
5.mai:
Melde vi om sterke testløp av Hilde R. T. på litt uvanlege løpsøvingar på Aksla stadion. Ho sprang 80 meter på 11.22 og 600 meter på 1.48. Best av alle jenter på 600.
6.mai
: Skreiv vi om utrulege Elizabeth Scattergood og stabile tider. I 2007 sprang ho Konradløpet på 25.03. Året etter pressa ho tida ned i 25.02. I 2010 fekk ho nok ein gong 25.02. Altså eitt sekund avvik på tre år. Rett skal vere rett; Elizabeth hadde ein formtopp i 2009 med sterke 23.39.
11.mai:
Vart det meldt at VIL hadde søkt av Sykkylven Energi AS sine fondsmidlar. Same dag gjorde vi kjent at laget fekk nær 9000 kroner i grasrotmidlar for perioden 1. januar-30. april. Og vi melde at i alle fall èin person busett i Velledalen deltok i årets Holmenkollstafett – nemleg Alf Petter Bøe som sprang for RindalsTroll.
23.mai:
Kanonopning på banesesongen for Hilde R.T. i Ulsteinvik. Ho sprang 1500 meter på 5.07 i vind og regn. Det var personleg rekord med seks sekund, og ho slo Vilde Ottestad som hadde bestetida på distansen her i fylket året før.
26.mai:
Widar Fure vann sekundstriden i Koldabakken Opp. Med tida 1.35 tangerte han rekorden i løpet. Eivind Fet fekk 1.36, Per Steinar Linga 1.38. Andre klassevinnarar var: Lene Katrine Hole, Ole Peder Holmberg, Paul Magne Hole, Svein Helge Hjorthol og Olaf Øien.
30.mai
: Sterk KM-helg i Molde av Hilde R.T. i Molde med KM-tittel både på 400 meter og 800 meter. Særleg 800-meteren var god med perssenking til 2.25.36. På 400 meter noterte ho 63.91, ny pers med seks hundredel. Hilde har alt no klart kvalifiseringskravet til junior-NM på 1500 meter og manglar nokre små tidelar på 800 meter.