Viktig annonseorgan treng hjelp
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2010
Radio Storfjord treng pengar for å overleve. Og Velledalen IL sine medlemar kan om dei vil gi ei hjelpande hand.
Nyleg vart ei sak om lånegaranti utsett med knappast mogleg fleirtal (13-12) i Stranda kommunestyre. Saka kjem opp på nytt etter nyttår. Enn så lenge lever radioen vidare.
Radio Storfjord har i fleiere år vore eit godt annonseorgan for Velledalen IL. Idrettslaget har hatt såkalla årsabonnement på annonsering, som betyr at vi får annonsere det vi vil for ein bestemt sum. Ein overkomeleg sum.
Ettersom radioen har nedsalgsfelt på båe sider av Strandafjellet – og enno vidare for den del – er det nyttig å kunne annonsere arrangement som Førjulsmessa, Konradløpet, Det Store Folkerennet, Sildedagen, Romjulsmarsjen og Fetvatnet Rundt i Radio Storfjord. Ofte får vi i tillegg redaksjonell omtale.
Det er utan tvil av det gode for Velledalen IL om lokalradioen overlever. Difor oppmodar vi alle om å støtte opp med eit beløp på radioen sin lyttargåvekonto i Sparebanken Møre. Det er hjelp til sjølvhjelp.
Kontonummeret er: 3910 21 47999