Idrettsskulen – Skyting og idrettsleik i januar

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2010

Etter ein periode med symjing no i haust/vinter, startar idrettsskulen opp att tidleg i januar med skyting for dei eldste og idrettsleik for dei yngste.


Det er 4.-7. klasse (fødde 2001 eller før) som skal ha skyting. Oppstart er onsdag 5.januar. Instruktørane kjem frå Sykkylven Skyttarlag. Onsdag vert fast skytedag, og ein tek sikte på seks eller sju kveldar.



Onsdagar vert også dagen det blir idrettsskule for dei yngste. Her vil Hilde R. Tandstad instruere borna i generell idrettsleik i salen i Velledalen grendahus.

  Det vert meldt frå idrettsskulestyret at elevar frå eldste gruppe kan få bli med på idrettsleik, om dei ikkje vil ha skyting.



PÅMELDING: Seinast 23. desember til Tor Olav Tandstad


E-post: torolav@live.com


Tekstmelding: 926 33 395