Årskavalkade april 2010
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2010
2.april: Det Store Folkerennet samla ny deltakarrekord med 247 personar frå null til over 80 år. Sjølv om livet på matstasjonen er viktigare enn farta i løypa i dette rennet, nemner vi at Svein Arne Nakken, som bestemann, brukte 36.20 på runden rundt Nysætervatnet. Linnea Klokk vann ”Heldiggrispremien”.
7. april: Melde vi den tunge bodskap at æresmedlem Karl B. Lade døydde den 6. april
12.april: Skreiv vi om ”velledalsblod” i skicrossløypa. Det var Marcus Myhre, med gener frå Larsgarden på Brøvoll, som boltra seg i crossløypa på Strandafjellet der det var renn.
13.april: Minneord over Karl B. Lade på VIL-nettsida
15.april: Vart meldt at Konrad Extrem skulle flyttast frå Hjorthol til Brunstad. Dette vart konklusjonen etter ei utgreiing av trioen Nils T. Skylstad, Geir Helge Grebstad og Håkon Fedt. Start frå yrkeleet på Brunstad og mål ved Storevatnet.. Arrangementdato 10. juli
Same dag skreiv nettsida at VIL løyvde 5000 kroner til Storevatnets Venner og deira friluftssatsing.
16.april: Påmeldinga til Konradløpet var i gang. Fyrst ute var ålesundarane Geir Ove Vedø og Stein Midtun. Av velledalingane var Hans Olof Holmberg og Geir Helge Grebstad raskast.
18.april: Melde nettsida at det ville bli stata opp Konradløptrening for born og unge dei to neste onsdagane. Instruktør var ingen ringare enn Hilde Riksheim Tandstad.
21.april: Kunne ein lese at løyperekordhaldaren i Konradløpet, Knut Lium frå Land FIK, hadde meldt seg som deltakar også i 2010.
Same dag reportasje frå den fyrste Konradløptreninga der heile 16 gutar og jenter deltok.
22. april: Vi fekk JA frå Hans Martin Gjedrem. Dermed var premieutdelaren til Minikorad i boks. Dagen etter fekk vi påmelding frå fyrste Konrad – Konrad Lillebø frå Ålesund.
27.april: KonradNytt vart sendt ut
30.april: Minikonrad arrangert under gode forhold med 96 deltakarar (ny rekord). Som vanleg vart alle premiert – denne gongen av ein trippel NM-vinnar på seniornivå.