Fjellsæterrunden i det blå.

    Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2010

    Terminlista for komande skisesong er klar, men Fjellsæterrunden manglar.


    Turlangrennet som fyrste gong vart arrangert i 1978 – som eit prøverenn av SIL – er eitt av få turlangrenn på Sunnmøre som har overlevd. Truleg vert det renn også i 2011. Svein Nakken, leiar i langrennsgruppa i VIL, gir denne forklaringa på kvifor rennet førebels manglar.

      - Vi søkte på renn pr. e-post på vanleg måte i lag med SIL. Vi høyrde ikkje meir, og då lista kom var Fjellsæterrunden fråverande. I ettetid tok vi kontakt med folk i langrennskomitéen. Vi har blitt lova at rennet kjem på lista, og vi får berre håpe at det ikkje vert i kollisjon med Heiåna og Hønndalsrennet, som er dei to einaste turrenna lokalt som lever att, utanom Fjellsæterrunden.