Leeds vann til slutt
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2010
Laurdag hadde VIL-nettsida for fyrste gong tipperådgjeving. For dei som fylgde råda vart det suksess.
Det var plukka ut seks oddskampar ein burde spele på. Diverre vart to av dei avlyst på grunn av vinterlege forhold i England. Dei fire andre gjekk inn, sjølv om det lenge såg mørkt ut. Det gamle storlaget Leeds snudde kampen mot botnlaget Crystal Palace i sluttminutta, truleg til stor glede for Leiv Arne Alnes, som er like tru mot laget sitt i gode som vonde dagar. I tillegg vann Coventry og Watford jamne kampar, medan handballkampen det vart satsa på gjekk inn med firemålssiger til heimelaget.
Så for dei som nytta dei fire kampane som vart spela i tippinga, og eventuelt plussa på eit par kampar til, vart det ein lett netto denne helga.