Fine grasrottal for november

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2010

Ei kvinne i 70-åra i Hordaland vann nyleg 34,5 million i Lotto. Same helga vann ein mann i 50-åra frå Velledalen 50.



Ja, det er heilt sant. Bortsett frå at velledalingen ikkje vann 50 million men 50 usle kroner. Vedkomande hadde 4 + 1 i Lotto og var godt nøgd med det. Ved neste korsveg kan det vere velledalingen sin tur – om han har kupong inne, vel å merkje.



Det er tydeleg at folk er sugne på ein millionvinst no før jul. I alle fall var det solid oppgang i antal grasrotkroner til Velledalen IL denne månaden. Statistikken frå Norsk Tipping seier dessutan at vi har fått tre nye spelarar i november. Talet er no 71.



Grasrotkroner til Velledalen IL siste tre månader:


September: Kr. 1848,-
   68 spelarar


Oktober: Kr. 1869,-
   68 spelarar


November Kr. 2074,-
   71 spelarar



Gode støttespelarar: TAKK, TAKK og TAKK !!