Støtt sponsorane våre !
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2010
Holmbergs gartneri er mellom Velledalen IL sine gode sponsorar. No er juleblomane klare.
-Men dei vert dyre dette året. Ikkje å kjøpe, men å produsere. Den sterke kulden gjer at fyringsutgiftene vert rekordhøge, fortel gartner Per Gunnar Holmberg.
Velledalen IL oppmodar medlemane sine om å støtte det lokale gatneriet, i staden for å handle juleblomar i kolonialforretningane.
-Issa fi, ville ein viss mann på Stranda ha sagt om den saka.
Planta Evelyn Holmberg held på biletet heiter Julerose. Den blomstrar i desember som staude. Etter bruk kan den plantast ut i bed til staude.
Velkomen til ein god julehandel i det lokale gartneriet
Opningstid i veke 48: 10.00-17.00
Frå veke 49 og fram til jul: 10.00-19.00